LÆRAR: – Eg må jo lære å skrive og lese. Eg vil bli arabisklærar, seier Fayza (10). FOTO: Solfrid Raknes

Dei tre barna har flykta frå krigen i Syria. No er dei i Libanon, der dei er trygge og går på skule. Men no manglar skulen pengar til å halde fram.

Skulen skulle starte i går

Ungane gjer alt dei kan for å hjelpe til. I går hadde vi teikneverkstad der dei teikna kva skulen betyr for dei, og korleis det ser ut om det er fred, fortel Solfrid Raknes. Ho er psykolog, og jobbar frivillig for organisasjonen MAPS som driv skulen i leiren Al Rahma .

Det er heile 3000 ungar på ni ulike skular som no ikkje veit om dei får fortsette.

Skulen skulle begynt i går, men det er ikkje kome inn nok pengar. Vi manglar pengar til både bøker og løn til lærarane, fortel Solfrid.

– Viss skulen ikkje opnar veit eg ikkje kva som skjer, seier Salwa (12). FOTO: Solfrid Raknes

Framtida

Viss skulen ikkje opnar veit eg ikkje kva som skjer. Skulen er jo framtida mi. Det er der eg har lært det eg kan no, og det er der eg har vennene mine, seier Salwa (12).

Salwa er frå Homs. Ho bur i leiren Al Rahma i eit telt saman med mor si, faren og tre syskjen.

TRYGT: Eg kan leike og ha det trygt på skulen, fortel Fatima (14). FOTO: Solfrid Raknes

Trygt og godt

Det er kjekkare på skulen enn heime. Eg kan leike der, lære og ha det trygt!, fortel Fatima (14).

Ho er fra Raqqa og bur i eit telt i Al Rahma-leiren saman med mora og ty søstre. Faren hennar døydde i krigen.

Eg må jo lære å skrive og lese. Eg vil bli arabisklærar, seier Fayza (10).

Ho er frå Idlib og bur i eit telt i Al Farah-leiren, som også ligg like ved skulen Sawaisa. I teltet bur ho saman med to syskjen, mor og bestemor. Faren hennar vart borte i Syriakrigen.