Håp i flyktningleiren

Born i flyktningleiren i Libanon teiknar minne frå Syria.

Dette kan du gjere for å hjelpe
  • Samle inn pengar – lag til ein liten loppemarknad, steik vafler du kan selge, måk snø for naboen, pass ein hund – og send pengane til ein innsamlingsaksjon.
  • Få hjelp av ein vaksen til å finne ut om det er ein stad nær deg der du kan sende inn klede og leiker du ikkje brukar.
  • Sjå på nettsidene til Unicef, Røde Kors eller Flyktninghjelpen – og sjå kva dei treng hjelp til akkurat no.
LES FAKTALUKK FAKTA

Fleire i Noreg har dei siste åra fått ein nabo eller klassekamerat frå Syria. Men flesteparten av dei som har flykta frå krigen, bur enno i flyktningleirar.

– Storparten som har flykta frå krigen, har ikkje reist så langt. Dei har flykta til ein annan del av Syria, eller til eit av nabolanda. Libanon er naboland til Syria, fortel Solfrid Raknes som er i Libanon saman med Katrine Møller og Helle Brochmann.

Dei er psykologar som er i Libanon for å hjelpe. Her har dei snakka med syriske barn om minner frå heimlandet.

– Landet er mindre enn Hordaland i størrelse, og hadde om lag like mange innbyggjarar som Noreg før Syria-krigen starta, seier Helle.

Dårlege hus

No har det kome 1,5 millionar syriske flyktningar til Libanon.
– Det er mange, når ein tenkjer på at det bur om lag 20 000 syriske flyktningar i Noreg. I Libanon bur flyktningane spreidd rundt om i heile landet, mange nær grensa til Syria. Dei fleste bur i dårlege hus eller i flyktningleir, og dei fleste er fattige, fortel Katrine.

I LIBANON: Solfrid Raknes, Helle Brochmann og Katrine Møller
I NOREG: Janne Nerheim
FOTO: Billy Barraclough

ADNAN (13): – Eg har teikna elva heime i Homs, og folk som stuper ut i elva. Vi har ei stor elv og det er gøy å bade i ho. Eg lærte å symje der, vatnet var varmt, og eg elskar å bade! Pappaen min brukte å ta meg med på fisketur, det saknar eg. Pappa døydde av ei bombe. Huset vårt vart også øydelagt, men mamma og eg kom oss hit til Libanon.

 

 

 

ALYAA (12): – Eg har både gode og vonde minne frå Syria. Eg hugsar bombeflya, men også hagen vår, huset vårt heime, og livet vårt der. Eg har gode vener her på skulen, og likar å vere saman med dei.

 

 

HAMZE (12): På denne teikninga ser me huset til Hamze i Syria. Ved sida av huset låg ein moské med eit kors på taket, og eit klokketårn. Hamze har også teikna sykkelen sin.

 

 

 

 

 

MUHAMMAD (10): Han likar seg godt på skulen, og yndlingsfaga hans er matematikk, naturfag og historie. I faga lærer han mellom anna om fjella i Syria, og om dyr og korleis kyr får kalvar.

 

 

MR. MOATAZ: Rektoren på Sawasia er svært oppteken av at born skal få være aktive og leike saman.

 

 

 

 

 

SALWA (11): – Eg har teikna eit hyggeleg minne frå heimbyen min. Det var så koseleg å gå å shoppe heime i Homs! Eg har teikna butikkar fulle av sko, moteklede, frukt og grønnsaker. Og her ser de mammaer med shoppingposar og barnevogn. Det var kjekt å bu heime og shoppe med mamma! Vi shoppar mindre no, for vi har veldig lite pengar. Eg bur saman med mamma, pappa og syskena mine.

MUHAMMAD (10): Har teikna seg sjølv saman med ein onkel, ei tante, to fetrar og hunden deira. Helikopteret er ikkje eit krigshelikopter, det blir brukt til reiser. Den eine fetteren skal reise frå Syria til Tyskland. Fetteren er glad, for han skal få studere i Tyskland slik han har drøymd om. Muhammad og familien gret, fordi dei skal bu så langt frå kvarandre. Fetteren seier ha det bra til hunden sin. Dette er garden far til Muhammad hadde i heimbyen. Det går kyr og kalvar på markane. Favorittdyret hans er hest. Far hans hadde hestar i Syria, og Muhammad fekk prøve å ri. Far til Muhammad har ein gard i Libanon no, men den er litt mindre. Muhammad håpar han får sin eigen gard ein gong, sidan han likar dyr og ynskjer å arbeide med hestehandel.

Muhammad (10) turnar i friminuttet.