Syria har hatt krig i sju år

Det som starta som ein fredeleg demonstrasjon i Syria har vorte ein sju år lang krig.

Det starta med ein fredeleg demonstrasjon der folk gjekk ut i gatene og demonstrerte mot korleis ein skulle styre landet. Fleire engasjerte seg, også valdelege grupper, som førte til uro i landet. No krigar mange ulike grupper mot kvarandre og mot dei som bestemmer i landet.

Mange har mista huset sitt, mange manglar mat og mange har flykta frå det som ein gong var landet deira.