Kongen opna Stortinget igjen

Etter fire månader "sommarferie" opnar kong Harald Stortinget igjen.

I dag, 2. oktober, fekk 169 representantar sette seg då kong Harald opna det 163. Stortinget.

Representantane på Stortinget har hatt pause sidan 15. juni.

Her kan du lese om korleis Noreg blir styrt

Regjering

Regjeringa vår består av Høgre, Venstre og Frp (Foto: Trine Skei Grande – Mona Lindseth, Erna Solberg – Christian Fredrik Wesenberg, Siv Jensen – FrpMedia – Alle Wikipedia)

Noreg er eit demokratisk land. Alle som er fylt 18 kan vere med å stemme på kva for eit parti ein vil ha på Stortinget. Dei som får fleirtal får danne regjering. Dei som sit i regjering er dei som styrer Noreg etter lovane som Stortinget har bestemt.

Statsminister

Erna Solberg er Noreg statsminister. Ho er leiar i Høgre. (Foto: Ragnhild Sofie Selstø)

Erna Solberg er statsminister i Noreg, så lenge ho har eit fleirtal bak seg i stortinget. Erna kjem frå Bergen, men bur i statsministerboligen i Oslo. Statsministeren har ikkje kontor på Stortinget, men er der ofte for å svare på spørsmål, eller for å informere om ting ho og regjeringa har jobba med.

Statsråd

Statsministeren har 20 menn og kvinner som jobbar for henne. Dei er sjefar for kvar sine område. Til døme har Kunnskapsministeren ansvar for skulen, og Helseministeren har ansvaret for sjukehusa.

Stortinget

På Stortinget sit 169 menn og kvinner frå heile landet. Etter valet blir det bestemt kven som får sitje der. Det er mange parti i Noreg, og dei partia som får flest stemmer, får også flest folk frå sitt parti inn på Stortinget.

Stortingsrepresentantane har tre viktige oppgåver

1: Dei bestemmer lovane i landet vårt.

2: Dei bestemmer kor mykje pengar Noreg skal bruke og korleis pengane skal fordelast på mellom anna skular, sjukehus og vegar.

3: Dei kontrollerar at regjeringa gjer jobben sin.