Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsksenteret opna lærarsidene til Framtidajunior.no på Nynorskseminaret på Høgskolen i Innlandet fredag 28. september. Foto: Liv Astrid Langnes

Framtidajunior.no er ei gratis nynorsk nettavis for elevar på barnetrinnet. Nokre ungdomsskular bruker også nettsidene våre.

Det digitale nynorskløftet vart starta av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Magasinett hausten 2017, med støtte av Utdanningsdirektoratet, Kulturdepartementet, ABC Startsiden, Samlaget og fleire andre.

I løpet av under eitt år har avisa publisert 900 artiklar med nyhende, fakta, kultur, debattinnlegg og mykje anna spennande. I tillegg har Framtidajunior.no kvissar, aktuelle avstemmingar, videoar og andre aktivitetar for elevane. Allereie har nettstaden fått over 60.000 brukarar, og talet er aukande.

Fredag vart lærarsidene lanserte.

På lærarsidene finn du allereie 22 undervisingsopplegg tilpassa ulike klassetrinn og fag. Undervisingsopplegga er laga av Nynorsksenteret og Framtidajunior.no-redaksjonen. Fleire opplegg kjem etter kvart.

Gå til Framtidajunior.no/laerarar og sjå dei nye lærarsidene våre!

Og kom gjerne med tilbakemeldingar til svein @ framtida.no!