Ha ha hihi hohohoooo!!! | Framtidajunior.no

Ha ha hihi hohohoooo!!!

Pixabay

Læraren såg ut i klasserommet. Elevane hadde hatt i lekse å lese om Israel.

– Perline, kva veit du om Daudehavet?

– Eg visste ikkje at det var sjukt ein gong!

 

Kva er ynglingsfilmen til kannibalar?

Rasmus på loffen.

 

Det ringer på døra, og veslebror går og opner. Like etter kjem veslebror inn på kjøkkenet til mamma.

– Det er ein som samlar inn til det nye symjebassenget.

– Så, gi han eit glas vatn.

Send gjerne inn din favorittvits til junior@framtida.no 

Kva meiner du?

47 svar

På kva måte bør skulekvardagen til dei minste endre seg?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir