Ein bestevenn til å bli sprø av

Bestevenn er eit fint og trygt ord, men det blir også ofte eit begrep som fører til sjalusi, krangling og uvennskap.

Å ha ein bestevenn som forstår deg, og som alltid er der for deg. Det er noko alle vil ha. For mange er ofte ein bestevenn ein som har dei same interessene som det du har. Men kvifor er det slik at ein kranglar så lett med bestevennen sin.

– Då vi var yngre, så merka iallfall eg at ordet bestevenn blei så masete, seier Andrea. – Då blei det fort kranglar fordi vi var misunnelege på kvarandre når vi leikte med andre.

Olivia er einig. – Vi tre brukte å leike mykje saman før, men etter kvart som vi har blitt eldre så merka vi at vi passar i forskjellige grupper. Med andre som har meir like interesser.

Ulike interesser

I klassen har dei ulike grupperingar. Nokre likar å sparke fotball, andre likar å gå rundt å prate og andre likar å leike.

– Eg likar å henge med dei som likar det same som meg, seier Lilje. – Derfor har eg mange gode venner, i staden for å ha berre ein som eg kallar bestevenn.

Martine Boge jobbar som miljøterapeut. Ho opplever ofte at elevar synest der vanskeleg med begrepet bestevenn.

Miljøterapeut er einig

Akkurat det Lilje seier synest miljøterapeut Martine Boge er godt å høyre.

– Det var lurt og kjempefint sagt av Lilje, seier Martine. – Det er det mange lærarar prøver å lære elevane til å forstå.

Ordet bestevenn er et fint og trygt ord. Det er noko alle vil ha. Både når ein er barn, men også som vasken. Men det kan vere øydeleggande også.

– Mange elevar opplever å bli holdt utanfor. Eg prøver å ikkje bruke ordet bestevenn. Det er veldig lurt å ha fleire gode venner.

Ver open for dei rundt deg

Det er lurt å vere open mot alle rundt seg. For det er ofte slik at ein finn mange som har samme interesse som ein kan matche med, fortel Martine.

– For kva skjer den dagen bestevennen er sjuk. Kva gjer ein då? Akkurat det problemet har eg prøvd å løyse i dag, seier ho.

Kva eigenskapar er viktige for deg?

  • Ein som eg kan stole på
  • Ein som får meg til å føle meg verdt noko
  • Ein som hjelper meg
  • Ein har like interesser som meg
  • Ein som er gode på kjensler
  • Ein som kan ordne opp
  • Ein som er snill
  • Ein som støttar meg
  • Ein som held på hemmelegheiter
  • Ein som eg kan prate om alt til