Årets BlimE-artist: Freddy Kalas

Fredag 21. september er BlimE-dagen. Vi tok ein prat med Freddy Kalas.

Kva synest du om å vere årets BlimE-artist?

Eg er stor fan av kampanjen og blei skikkeleg glad då eg blei spurt.

Kva handlar BlimE-låten om?

BlimE-låten handlar om å inkludere kvarandre, bygge eit felleskap basert på styrke, empati og om vennlegheit.

Kva vil du seie til alle barn som hører songen, og som skal danse på BlimE-dagen?

BlimE-kampanjen er ikkje berre ein song og ein dans. Lytt, lær og praktiser – så vil du sjå ei forandring. Forandringa startar med oss sjølv. Ver forandringa, tru på deg sjølv, og lær andre barn og vaksne det same. Dans med hjartet og med di sjel. Det kan påverke oss i positivt.

Korleis var 10-12 år gamle Freddy Kalas? Hadde ein BlimE-kampanje vore bra i ditt miljø?

Det var mobbing både på og utanfor skulen. Som eit følsamt menneske så la eg veldig godt merke til mobbinga rundt meg. Det gjekk inn på meg og eg følte veldig for å ta meg av dei som blei mobba.

Det kunne føre til at mobbarane utstøtte meg også fordi eg tok parti med offeret. Eg viste styrke, og det gjorde mobbarane endå svakare. Vi må aldri gi opp BlimE-kampanjen. Temaet burde vere eit eige fag på skulen.

Kor inkluderande var du som barn?

Eg gjorde mitt beste for å inkludere dei som var rundt meg. Eg har aldri vore oppteken av å sette folk i bås. Eit menneske er eit menneske. Vi er ikkje klede, språk eller hudfarge. Vi er menneske med følelsar.

Har du opplevd ein gong å bli utestengd? Kva skjedde?

Ja, og det var vondt. Det er viktig å jobbe med sjølvkjensla og bli trygg på seg sjølv for å takle å bli holdt utanfor. Hugs at fordom er ikkje ei sanning. Sanninga om deg sjølv er det berre du, og dei som er glade i deg og kjenner deg, som veit.

Her kan du sjå musikkvideoen av årets BlimE.