Norske forskarar har funne ut korleis vi bør bruke antibiotika

Resistente bakteriar tek mange liv i verda, men no har norske forskarar funne ut korleis vi kan få færre bakteriar som toler antibiotika.

Kva betyr resistente bakteriar?

Vi kan få resistente bakteriar om vi brukar for mykje antibiotika. Resistente bakteriar er bakteriar som ikkje vil forsvinne ved hjelp av medisin. Altså, antibiotika vil ikkje lenger hjelpe mot sjukdommar om desse resistente bakteriane får utvikle seg.

Smarte forskarar

Men no har dei norske forskarane funne ut at vi kan bruke antibiotika på ein ny måte. Det vil seie at legen må finne ut nøyaktig kva bakterie ein person har, og så setje saman den medisinen som passar akkurat den pasienten, skriv NRK.no.

Stort problem

Verdas helseorganisasjon (WHO) kallar resistente bakterier eitt av dei største globale helseproblema i vår tid. Noreg er allereie blant dei flinkaste landa når det gjeld antibiotikabruk, men også vi kan bli flinkare til å berre nytte medisinen når det er naudsynt.