Norske folk nyttar antibiotika sjeldnare

Faktisk så var det heile 20 prosent fleire som fekk antibiotika for fem år sidan.

Antibiotika er ein medisin som vi av og til må bruke for å bli friske. I Noreg bruker vi mindre antibiotika enn i mange andre land, men dei som jobbar med folk si helse har vore bekymra for at folk bruker medisin når dei ikkje eigentleg treng det. Antibiotika er nemleg ein god medisin å ha når ein treng det. Difor vil vi at den skal verke når vi har behov for det.

Så no viser altså Reseptregisteret at bruken av antibiotika går ned.

Er dette bra? 

Ja! Det finst nemleg noko som heiter antibiotikaresistens. Det tyder at vi kan få resistente bakteriar om vi brukar for mykje antibiotika. Resistente bakteriar er bakteriar som ikkje vil forsvinne ved hjelp av medisin. Altså, antibiotika vil ikkje lenger hjelpe mot sjukdommar om desse resistente bakteriane får utvikle seg.

God plan

– Dette er bra, seier seniorrådgiver og farmasøyt Christian Berg ved avdeling for legemiddelstatistikk i Folkehelseinstituttet til NTB.

Han fortel at dei som jobbar med helse i landet vårt, no har ein god plan for korleis dei skal bruke medisin berre når det verkeleg er naudsynt.