Beintøft blir rydd-til-skulen-aksjon

Denne veka startar Hold hausten rein, og i Beintøft skal over 45.000 skuleelevar plukka søppel på veg til skulen.

Om Beintøft

Beintøft er Noregs største gå-til-skule-aksjon, og varer i heile september. Med Beintøft ynskjer Miljøagentane å bidra til større miljøengasjement og bevisstgjøring av miljøproblema knytt til bilkjøring i skule og lokalsamfunn.

LES FAKTALUKK FAKTA

Alle deltagerne vert oppfordra til å plukka fem søppelbiter kvar dag, noko som tilsvarer nærare 7 tonn søppel – eller over ein million søppelbiter på ei veke.

Beintøft vert arrangert av Miljøagentane, og er Noregs største gå-til-skulen-aksjon.

I samband med den internasjonalen strandryddeuka vert no oppfordra alle i Beintøft til å tenkja litt ekstra på lokalmiljøet og delta på #5forhvalen, ein ryddekampanje som vert arrangert av Loop Miljøskule, i samarbeid med Miljøagentane.

Plukk #5forhvalen! – Foto: LOOP

Heidre kvalen på sotra

Vinteren 2017 vart ein daud kval funne utanfor kysten av Sotra. Kvalen hadde 30 plastposar, og plastemballasje frå is og matprodukter i magen. Han vart dermed eit symbol på måten vi forbrukar og forsøplar på. Marin forsøpling er eit av det raskaste veksande miljøproblemet i verda. Kvar dag hamnar to tonn søppel på bakken, berre i Oslo. Og hamnar søppel på bakken, så vil det etterkvart hamna i havet – viss ikkje nokon plukkar det opp.

Kunst av boset

I løpet av Beintøft skal deltagerne gjennom fire vekesoppdrag med ulike tema: Trafikktryggleik, søppel på skulevegen, sykkelglede og klima. Temaveka om søppel skal  avsluttas med at klassene skal laga søppelkunst av søppelet før det vert resirkulert. Kvar klasse sender inn dei beste bileta sine, og dei som utmerkar seg vinn premie. Kunstverket skal heidra kvalen som døydde på Sotra, og setja søkelys på forsøpling av naturen.

Om #5forhvalen

#5forhvalen er ein kampanje i regi av LOOP, ein non-profit miljøstiftelse for kjeldesortering og gjenvinning. Kampanjen går ut på å plukka litt søppel kvar dag, og dermed bidra til ein felles innsats for miljøet.
Slik kan #5forhvalen utførast:

1: Plukk 5 søppelting, kvar helst, når som helst! (ispapir, takeaway-kopp etc).

2: Ta eit bilete av det, t.d. av at du plukkar søppel, av søpla du har plukka, eller naturen som du er med på å redda.

3: Del biletet på Instagram og andre sosiale kanalar med hashtaggen #5forhvalen.

4: Utfordre ein ven (eller fem) til å gjera det same.