Hai som et grønsaker til middag

Forskarane trudde at alle haiar er rovdyr. Der tok dei feil. Møt hammerhaien Sphyrna!

Forskarane tenkte at alle haiar lev av å ete andre dyr. Men, no viser det seg at hammerhaien Sphyrna et sjøgras, skriv Forskning.no. Tidlegare har biologane, som arbeider med å undersøke dyr, trudd at grønnsakene berre har komme inn i magen til haien ved eit uhell.

Lyst på grønnsaker

Samantha Leigh og kollegaene hennar, som jobbar ved University of California, bestemte seg for å sjå nærare på hammerhaien. For å sjå om den hadde lyst til å ete dyr eller grønnsaker.

Forskarane heldt fem haiar i fangenskap, og fora dei med 90 prosent sjøgras og 10 prosent blekksprut. Dei fann ut at haiane tok til seg næring og levde godt på sjøgraset.

Så då var det ikkje eit uhell at haien hadde sjøgras i magen. Det er faktisk det den har lyst til å ete til frukost, lunsj, middag og kvelds.