Forbode å gifte seg under 18 år

25 millionar barneekteskap rundt omkring i verda er stoppa det siste tiåret. No gjeld lova også i Noreg.

Tidlegare kunne barn heilt ned i 16 års alderen gifte seg i Noreg, dersom dei hadde samtykke frå foreldra og Fylkesmannen. No må ein vere 18 år for å kunne gifte seg.

Barn- og likestillingsminister, Linda Hofstad Helleland, har tidlegare uttalt følgjande til NTB:

– Vi ynskjer å gje eit tydeleg signal, òg internasjonalt, om at vi ikkje aksepterer at mindreårige giftar seg i Noreg.