SKALLA – Ei bok om å vere sjuk

Iben forstår at ho kan ha det kjekt sjølv om ho er innlagd på sjukehuset. Særleg når ho har ei halvsprø venninne som heiter Skalla-Malla

Bokomslag, Samlaget

Skalla er ei bok om å vere sjuk, og korleis ein skal klare å halde motet oppe.

Første dagen Iben er på sjukehuset, møter ho Skalla-Malla. Ho blir ein veldig god venn for Iben.

Skalla-Malla viser dei magiske romma

Skalla-Malla dreg med seg Iben rundt på sjukehuset og viser henne hemmelege og magiske rom. Er dei ekte eller er det berre i fantasien dei finst?

Når ein er sjuk kan ein god venn som forstår deg, vere det du treng. Iben finn ein slik venn i Skalla-Malla.

Aldri lese ei slik bok før

Forfattar Randi Fuglehaug fortel Framtida junior at ho valgte å skrive boka fordi ho aldri hadde lese ei bok om barn som må bu på sjukehus i lange periodar. Dei som må vere borte frå venner, familie og klassekameratar i fleire veker.

– Eg høyrte ein gong om nokon som laga si eiga fantasiverd der inne på barneavdelinga, og det syntest eg var eit fint utgangspunkt for ei historie, seier Randi.

Boka er fin, varm, trist og morosam. Rett og slett ei bok som får deg til å tenke.

Ei fin bok som kan sette praten i gang

Boka er skriven av Randi Fuglehaug, som også har skrive boka om Papelina. Dei fine, detaljerte teikningane er laga av Nora Brech.

Boka er i kategorien biletbok og passar både til sjølvlesing og høgtlesing. Boka er fin til å knytte ein samtale rundt temaet om å vere sjuk.

  • Tittel: Skalla
  • Forfattar: Randi Fuglehaug
  • Målform: Nynorsk
  • Forlag: Samlaget
  • Sidetal: 50 sider med illustrerte teikningar på kvar side.
  • Biletbok

(Framtida junior vil opplyse om at journalisten som har skrive saka har tidlegare gitt ut bok på Samlaget).