50 år sidan Sonja fekk prinsen og halve kongeriket

I dag feirar kongeparet gullbryllaupsdag. Det er 50 år sidan dronning Sonja og kong Harald gifta seg

Vigsla av Kronprins Harald og Sonja Haraldsen i Oslo Domkirke. (Wikipedia/CC BY 3.0/Bjørn Glorvigen/Riksarkivet)

29. august 1968 gifta dei seg etter mange år som skjulte kjærestar.

For det var ikkje berre-berre å skulle finne si framtidige prinsesse når ein var kronprinsen av Noreg.

På den tida var det forventa at kronprins Harald skulle gifte seg kongeleg eller adeleg.

Kong Olav, Kong Harald sin far, meinte at han ikkje skulle gifte seg med ei borgarleg jente. Dette meinte politikarane og pressa også.

Når ein seier borgarleg, betyr det at det er ein person av folket. Altså ein person som ikkje er i slekt med ein konge.

Men etter ni år snudde det. Frøken Sonja Haraldsen blei godkjent som prinsesse. Kronprins Harald fekk si kronprinsesse.

GRATULERER MED GULLBRYLLAUP!