No kan du ta deg ein tur på besøk til dronning Sonja

Eller, i alle fall til barndomsheimen hennar. Frå i dag kan nemleg publikum kikke inn i huset der Sonja budde då Kong Harald, som då var kronprins, ringte for å invitere ho på ball.

Dronning Sonja sin barndomsheim vart flytta frå Tuengen allé på Vindern i Oslo til friluftsmuseet Maihaugen på Lillehammer hausten 2016.

FOTO: Camilla Damgård / Maihaugen

Huset vart delt opp i sju bitar, som vart frakta med lastebil til Lillehammer. Der vart huset sett saman att, slik at det no er blitt akkurat slik det var då dronninga og hennar familie budde der.

BESØK: Måndag denne veka var kongeparet på besøk i huset på Maihaugen. FOTO: Audbjørn Rønning / Maihaugen

Det var her Sonja budde då ho møtte kronprinsen på ein fest. Dei hadde møttes før, men det var denne kvelden dei vart betre kjent.

Vanskeleg start

Det blei ein vanskeleg start på forholdet mellom Sonja og Harald som då var kronprins i Noreg. Dronning Sonja, som blei født Sonja Haraldsen, var nemleg borgarleg og ikkje av kongeleg ætt, slik tradisjonen sa at ei dronning skulle vera.

FOTO: Camilla Damgård / Maihaugen

Det tok ni år frå Harald og Sonja vart blei kjærestar til dei fekk trulova seg. Då møtte dei kvarandre i skjul, mellom anna i dette huset.

Fekk «ja» til slutt

Far til Harald, Kong Olav, var redd det kom til å skade kongehuset viss Harald gifta seg med ei jente som ikkje var prinsesse.

FOTO: Camilla Damgård / Maihaugen

Men, då kronprinsen sa han ikkje ville gifte seg i det heile, om han ikkje fekk sin Sonja, sa Kong Olav ja til slutt.

I videoen ser du konservator på Maihaugen, Kjell Marius Mathisen, som fortel kva dei har gjort med huset.