Korleis er det å vere i fengsel?

Har dei innsatte stripete drakter og kule rundt beinet? Kvart år opplever mellom 6000 og 9000 barn at ein av foreldra deira kjem i fengsel.

Hanne Hamsund er leiar i i For Fangers Pårørende (FFP) Foto: Privat

Leiar i Støtteforeininga, For Fangers Pårørende, Hanne Hamsund fortel til Framtida.no at det er mange ulike spørsmål som dukkar opp.

– Barn og unge har mange spørsmål, og det er ikkje så rart, for kriminalomsorgen er ikkje så kjent i Noreg.

Mange barn lurer på om foreldre som sit i fengsel får nok mat og andre ting dei treng, og det kan Hanne fortelje at dei får. Alle som sit i fengsel blir tekne godt vare på.

Dei har ein chatt, der barn og unge kan ta kontakt og stille spørsmål.

Her er ei liste over dei vanlegaste spørsmåla ho får

Korleis fungerer det med besøk?

Den som sit inne, skriv ei liste over kven dei vil ha besøk av. Så må fengselet godkjenne dei som står på lista. Etter dette kan du søke om besøksløyve.

Kan pårørande ringe dei innsatte?

I nokre fengsel kan ein ringe til den som sit inne, men som regel er det den som sit inne som må ringe til deg. Ofte til faste tider, og ein kan ringe i 20 minutt kvar veke. Nokre gonger er det litt meir. Det er ikkje lov å bruke mobiltelefon i fengsel.

Når kan den som sit inne få permisjon?

Den som sit inne må ha sona i minst fire månader, og minst ein tredjedel av dommen. Den som sit inne må søke fengselet om dette.

Før det har gått så lang tid, kan ein òg i unntakstilfelle søke om velferdspermisjon. Det kan til dømes vere på grunn av hendingar i nær familie som bryllaup, gravferd eller konfirmasjon. Her skal òg hensyn til barn vektleggast.

Korleis er det i fengsel?

Det kjem an på om det er eit fengsel med lågt eller høgt sikkerheitsnivå.

Det er ofte murar eller høge gjerde rundt fengsel med høgt sikkerheitsnivå. Fengsel med lågt sikkerheitsnivå har ikkje det. I nokre fengsel er det inngjerda luftegarder, og andre stader får innsette rørt seg på litt større område rundt fengselet.

Som hovudregel har kvar innsett si eiga celle. Inne på cella er det møblert med seng, skrivebord, hyller og klesskap. Det er som regel lov til å ha TV på cella. I nokre fengsel er det bad og toalett på alle celler, andre stadar er dette felles.

(Denne saka er er forkorta sak som fyrst blei publisert på Framtida.no)