Ole Brumm er sensurert i Kina

Den nyaste filmen om Ole Brumm er sensurert i Kina.

President Xi Jinping har vorte samanlikna med Ole Brumm. Kva tenkjer du? (Wikipedia/ Antilong /CC BY-SA 3.0)

Det har ikkje kome noko offentleg uttale på kvifor det har vorte slik, men mange trur det har med at Ole Brumm liknar for mykje på president Xi Jinping.

Bilete av Ole Brumm har heilt sidan 2013 vorte sensurert i kinesiske sosiale medium.

Filmen har ikkje fastsatt premieredato i Noreg.