Debatt i klassen

Her er oppgåver til fleire av kompetansemåla for munnleg kommunikasjon.

Kompetansemål:

NORSK OG SAMFUNNSFAG:

  • lytte til og videreutvikle innspill fra andre og skille mellom meninger og fakta (Norsk)
  • uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andre (Norsk)
  • diskutere samfunnsfaglege tema med respekt for andre sitt syn, bruke relevante fagomgrep og skilje mellom meiningar og fakta

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Førebuing: Les debattkokeboka til Framtida.no og tenk på aktuelle tema som passar for klassen din og kva dei er opptekne av.

I starten på timen: Spør elevane kvifor me har debatt, og kvifor debatt er viktig. Sei litt om kva ein ordstyrar er, kva eit innlegg er og kva ein replikk er – og at det er forskjell på meining og fakta.

Tips til tema for debatten:
Reklame: Korleis påverkar reklame oss? Bør det vera grenser for kva ein kan reklamera for? Kva er forskjell på fakta og reklame?

Demokrati: Bør barn få lov til å stemma i Stortingsvalet eller kommunevalet? Kvifor, eller kvifor ikkje?
Les gjerne: Vil gje stemmerett til 12-åringar eller Me er unge, men ikkje uansvarlege

For eller mot kunstgras? Les desse artiklane: https://framtidajunior.no/2018/06/20/spelarar-dreg-med-seg-65-tonn-gummi-fra-fotballbanen-kvart-ar/ og https://framtidajunior.no/2018/05/23/elevar-har-laga-loysing-hindre-spreiing-av-mikroplast/
Kva kan ein gjera for å unngå at mikroplast blir spreidd? Bør ein forby kunstgras?

Oppgåver:

Spør om to elevar kan tenkja seg å vera ordstyrarar. Dei får i oppgåve å førebu seg til å leia debatten, og laga spørsmål og ei innleiing til debatten.

Dei andre elevane får denne oppgåva: gå i grupper og førebu eit opningsinnlegg på eitt minutt og like mange spørsmål som det er personar i gruppa. Til dette får dei 20-30 minuttar.

Etter dette riggar me til debatt: éin frå kvar gruppe kjem fram i panelet. Og så er det debatt, med opning frå ordstyrarane, innlegg frå kvar gruppe og diskusjon og spørsmål frå salen etter dette.

Debatten tar så lang tid som du synest det passar minuttar, inntil 30 minuttar. Etter dette spør du kva elevane synest om debatten. Kva var bra? Og kva kan bli betre?

Fleire bibliotek er interesserte i bokbad og debattar i lag med klassar. Kanskje du kan få til ein debatt i ditt lokale bibliotek eller for heile skulen?