Marcus og Martinus er populære artistar blant mange barn. Foto: FRED JONNY/SONY

Finn ein artikkel på Framtida junior om ein artist eller ei musikkgruppe. Bruk den som utgangspunkt for å skrive ein liknande artikkel om enten ein artist som læraren vel ut, eller om ein du sjølv likar. Fortel om musikken og kvifor du likar/ikkje likar musikken. Å skildre kvifor ein likar musikk er ikkje alltid så enkelt, men du kan bruke desse startsetningane:

  • Musikken handlar om …
  • Songane gjer meg glad …
  • Eg får lyst til å danse …
  • Stemma hans/hennar er ….
  • Rytmen i musikken gjer at eg får lyst til å …
  • Tempoet er høgt/sakte …
  • Stemninga i musikken er …

Presenter artisten for klassen og spel ein song eller utdrag frå ein song i klassen. Slike omtalar kan også sendast til Framtida junior. Kanskje får du sjå han på trykk eller i nettavisa?

Send i så fall til junior @ framtida.no!