Flytande søppelspann i kampen mot havplast

SFO ved Danvik skole var med då Noregs fyrste søppelspann i sjøen vart testa ut.

Fakta om plastforureining i havet:

I løpet av dei siste 10 åra har me produsert meir plast enn i løpet av heile det siste hundreåret.  Effekten av plast på miljøet og økosystemene er svimlande. Det er anslått at innan 2025 vil det vera ein tonn plast i havet for kvar tredje tonn fisk. Vidare er det forventa at havet i 2050 inneheld meir plast enn fisk etter vekt (Kjelde: Ellen Macarthur Foundation, 2016).

LES FAKTALUKK FAKTA

Vi har søppelspann på land, så kvifor kan me ikkje også ha desse i sjøen for å samla opp alt plasten som flyt omkring?», undra båtbyggar og seglar, Andrew «Turtle» Turton. Han starta det som skulle bli eit stort prosjekt både i Noreg og i resten av verda.

No har Wärtsilä, som jobbar med å lage ny og miljøvenleg teknologi til skip, plassert ut den nye typen søppelspann i fleire hamner.

Samlar søppel

Søppelspannet ligg i vatnet og samlar søppel, og kan plukka opp 1,5 – 2,0 kg kvar dag.

I Noreg er Oslo, Asker og Drammen først ute med å testa ut dette.

Me ser det som veldig viktig at det kjem ny teknologi som kan hjelpa oss å samla plast frå sjøen. Dette er også eit problem i Drammen hamn som me ikkje kan snu oss vekk frå, seier nestsjef for hamna i Drammen, Ivar Axel Vannebo.