Gratulerer! Det er sommar og skulefri

Endeleg, tenkjer sikkert mange. Det er sommarferie for dei aller fleste barn rundt omkring i Noreg. No fortener du å slappe av, og nyte ferien.

ILLUSTRASJON: Pixabay

No har skulane i Noreg tatt ferie. Det er sikkert mange barn som skal gå på SFO/AKS nokre veker til. Kanskje nokre skal gå på sommarskule, også?

Det er iallfall tid for sommarhygge, og vi i Framtida junior ønskjer deg ein riktig god sommar. Vi håper du får leike, oppleve og lære ein heil del i dei fine sommarvekene utan skule og lekser.

I løpet av sommaren vil det framleis kome litt saker på Framtida junior, for vi tek ikkje heilt ferie. Det er mange kvissar på sida vår, og saker du kan lese.

Vi ønskjer også bokmeldingar, så om du les ei god bok i sommar tek vi gjerne imot ei bokmelding frå deg.