Trur på ny rekord for Sommarles

I fjor sommar las norske barn over 550.000 bøker. No er det endå fleire barn med, og Sommarles-sjefen trur på ny rekord.

Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august.

Dei som var med i fjor las til saman 62 millionar boksider!

– I år er alle fylka med, så eg er ganske sikker på ny rekord, seier Pernilla Slotte Hjermann ved Vestfoldbibliotekene. Ho er prosjektleiar for Sommarles-kampanjen.

På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, prøve eit nytt spel, vinna premiar og få lesetips. Du kan også lese sommarlesforteljinga, løysa oppgåver og følge med på kva vennene dine les.

Kva er nytt i år?

– Mari Moen Holsve har skrive den nye historia «Asbjørn og Astrid i verdsrommet» spesielt for Sommarles!

– Du kan spela eit heilt nytt dataspel på Sommarles.no. Undervegs i spelet får du spørsmål frå historia «Asbjørn og Astrid i verdsrommet».

– Forskarar skal forska på om dei som er med i Sommarles blir betre til å lesa.