Johannes (10) fekk skryt av Metallica

Johannes Rørvik Grov frå Kvinnherad i Hordaland fekk sitt fyrste trommesett då han var to år. No har nokon av verdas største stjerner lagt merke til han på YouTube.

Det populære bandet Metallica la ut ein YouTube-video av Johannes som spelar trommer. I videoen speler han seg gjennom alle hits frå bandet på trommer.

– Dette er heilt vilt. Eg tenkte jo at videoen kunne bli populær, men ikkje så raskt, seier den entusiastiske trommelæraren Mauricio Weimar til NRK.

Det er han som la ut videoen for to veker sidan.