Kva er skilnaden på art og rase?

Du har sikkert høyrt at det finst ulike hunderasar. Dei høyrer til under same art. Her kan du lese om skilnaden mellom art og rase.

Art og rase

Dyr som kan få ungar saman, høyrer til same art. Det finst til døme mange forskjellige hundar. Dei er i same art, men er inndelt i ulike rasar. Ein Schæfer og ein Golden Retriever er i arten hund, men er to ulike rasar. Dei kan få barn, men blir då ein blandingshund.

I planteriket er det også mange artar. For at dei skal kunne formere seg og lage frø, må til døme ein kløverblome få pollen frå ein annan kløverblome for å kunne lage frø, som igjen blir ein ny blome. Dette skjer anten med vinden, eller med hjelp frå insekt som fører pollen vidare på si reise frå plante til plante.