Oppgåver knytta til renessansen

Oppgåver knytta til Samfunnsfag og kunst og handverk

Kompetansemål

Samfunnsfag, etter  7. årssteget

  • Gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga

Kunst og håndverk, etter 7. årssteget

  • Gjøre rede for hvordan sentrale kunstnere i nasjonalromantikken, renessansen, impresjonismen og ekspresjonismen på ulike måter har satt spor etter seg
LES FAKTALUKK FAKTA

Les artikkelen, Renessanse =atterføding.

Til desse oppgåvene treng du å jobbe med tilgang til internett, leksikon eller andre oppslagsverk. Du treng også teiknemateriale til siste oppgåva.

Del 1

Vel deg ut ein av dei tre store kunstnarane og skriv om han. 

  • Leonardo di Vinci
  • Rafael
  • Michelangelo

Sjekkliste over kva du må få med deg:

  • Biografi: namn, født, død, nokre av dei mest kjende verka.
  • Oppvekst
  • Korleis arbeidde kunstnaren
  • Kva var kunstnaren oppteken av når det kom til kunsten sin

    Del 2

Vel eit av meisterverka til kunstnaren og skriv om det.

Dette må vere med:

  • Tittel
  • Når blei verket laga?
  • Kvar kan ein finne kunstverket?
  • Er det noko spesielt med kunstverket som bør nemnast?
  • Kvifor skil verket seg ut frå kunsten frå mellomalderen?
  • Kva er typisk med kunst frå renessansen?

DEL 3

Prøv å kopier eitt av verka til kunstnaren. Du kan velje å enten gjere det heilt likt, eller prøve å gjere det meir moderne, og tilpasse det vår tid.