Dei gir deg kanskje grøssningar, men er lure å ha

Mange hatar edderkoppar, men sjølv om dei ikkje gir deg lykke i kroppen er dei eigentleg veldig nyttige.

Edderkoppar er rovdyr. Det vil seie at dei et jaktar på dyr som er mindre enn dei. Norske edderkoppar er ikkje farlege.

Edderkoppar et bladlus, midd, mygg og fluger, som kan vere skadedyr for plantane i hagen.

Så om du ser eit edderkopp-spinn i hagebuska bør det få henge der.

Det finst rundt 35 000 edderkopp-artar i verda, og i Noreg lever 562 av desse.

Edderkoppar har ein todelt kropp, med fire par bein, to gripekjevar og vanlegvis åtte punktauge. Hoa er som regel større enn hannen.

Edderkoppar har spinnkjertlar som dei lagar edderkoppsilke, spindelvev.

Dei som har angst for edderkoppar har det vi kallar araknofobi.

Kjelde: Store Norske leksikon / Nysgjerrigper)