
Har du desse gamle lappane liggande må du byte dei inn.
Dette kan du gjere enten med å bruke dei i butikken før 31. mai, eller byte dei i ein bank.
Dei gamle lappane har Kristian Birkeland og Kirsten Flagstad som motiv.
Kristian var ein fysikar, forskar og professor
Kirsten var Noregs største operasongar i si tid.
NRK.no skriv at 22. mai var det framleis 9,8 millionar 100-lappar og 8 millionar 200-lappar i omlaup.
Får du ikkje veksle pengane inn før 31. mai kan du lese kva du kan gjere på Norges bank.