Lesarbrev: Forsøpling av havet

Plast er i ferd med og verta eit av dei største miljøproblema både på land og i havet. Viss me ikkje gjer nokke med det no vil det om ca. 30 år vera meir plast enn fisk i havet.

Dette er eit lesarbrev frå Ivan Tysse Røsland (12).

Me dumpar ca. 8 tonn plast i havet kvart år – men ingen veit kvar det havnar.

Det er mykje plast i havet og det går ut over sjødyr. Eit døme er Belgiarar som et mykje sjømat, dei kan få i seg mellom 2-11 tusen mikroplastbitar i året.

Nitti prosent av all plast i hava har kome dit via ti elver. To av dei ti elvene som får skylda er Nilen og Niger i Afrika. Dei andre åtte renn gjennom Asia. Det har lenge vore vanleg å kaste boss i desse elvane.

Ocean Cleanup er ein organisasjon som skal rydde havet for plast med å bruke dei naturlege havstraumane. Dei har laga ei kunstig kystlinje som skal samle plasten. Dei håper å rydde halparten av plasten om 5 år. Ocean Cleanup skal etter planen starta med plastsamlingssystemet sitt i Great Pacific Garbage Patch i det Nordlege Stillehavet, i 2018. Dette vert fyrste gong systemet vert testa i dei store områda det er mykje plast i.