Visste du at det finst rundt 7000 språk i verda?

Visste du at dersom ein rekna nynorsk som eit eige språk med sine ca. 600.000 brukarar, så ville det likevel rangere blant dei 200 største språka i verda?

Visste du at mange av verdsspråka faktisk har enda færre enn 740 brukarar av språket, og at desse språka er utryddingstruga og rett og slett forsvinn? Det finst språk der det berre er éin språkbrukar igjen.

Norsk blant dei 100 største språka

Visste du at norsk høyrer til blant dei 100 største språka i verda? Det tyder at det er ca. 6900 språk. Norsk er dermed ikkje blant dei truga språka i verda.

Visste du at Noreg har hatt to offisielle norske skriftspråk heilt sidan 1885 då Ivar Aasens landsmål blei sidestilt med det modifiserte danske skriftspråket, som var i bruk den gongen? Begge skriftspråka har dermed levd i over hundre år, mens det altså døyr eitt språk kvar fjortande dag ein annan stad i verda.