Kristi himmelfartsdag, kva er det?

Skulen har fri, og mest sansynleg har dei vaksne også fri denne dagen. Kvifor har vi eigentleg det?

Denne dagen er ein kristen høgtidsdag, og kjem alltid 39 dagar etter fyrste påskedag. I år fell dagen på den 10. mai.

Kristi himmelfartsdag feirar vi til minne om at Jesus Kristus skal ha dratt til himmelen 39 dagar etter han stod opp frå dei døde.