Silvia (11) – Eg vil ikkje bade i plast

Frå 28. mai til 11. juni skal 5 000 femteklassingar rydde strender i heile Noreg!

Kva er Miljøagentane?
  • Miljøagentene er barna sin miljøvernorganisasjon
  • Organisasjonen arbeider for å gi barn tru på seg sjølv, på framtida og på at det nyttar å gjere noko for miljøet.
LES FAKTALUKK FAKTA

Miljøagent Silvia Sørbye (11) vil ikkje bade i søppel når ho vert vaksen.

Ho, resten av miljøagentane og Finn.no er i gong med å arrangere Oppdrag Havplast for aller fyrste gong. For kvar pose med havplast klassen leverer til gjenvinning, vil dei få 100 kroner til klassekassa.

Vil dele ut premiar

– Påmeldinga til Oppdrag Havplast er i gong. Aksjonen vil bli ei forlenging av den nasjonale strandryddeveka som starta 30. april, seier daglig leiar Are Shaw Waage i Miljøagentane.

– Vi veit at det er mange barn som allereie er i gong med lokale strandryddeaksjonar. Difor ønskjer vi å gje ein premie til alle klassane som er ute og gjer ein ekstra miljøinnsats denne våren, seier sjefsmiljøagenten Are i ei pressemelding