– La hundebæsjen ligge

Plasten i hundeposane forureiner, så folk bør tenkje seg om, seier MDG-politikar til NRK.

 – Eg meiner ikkje at du skal la vera å plukke opp bæsjen viss hunden gjer frå seg på ein gangveg eller sti. Hovudregelen er at vi brukar pose. Men ofte set hunden seg på stader der det ikkje er så stor fare for at folk tråkkar i det, seier Ståle Sørensen.

Lar bæsjen ligge

Han er politikar i Miljøpartiet De Grønne, og har sjølv hund. Ofte let han hundebæsjen ligge av hensyn til miljøet, skriv NRK.

Det er bruken av plast i hundeposane som er problemet. Dei aller fleste posane er laga av vanleg plast, og det tek 10–20 år å bryte ned ein plastpose.

Mange hundar

Det er cirka 560.000 hundar i Noreg, så det blir mange posar kvar dag.

Det finst faktisk posar som er enklare for naturen å bryte ned. Då er det viktig å lese på pakken at det står at dei er biologisk nedbrytbare. Det betyr at dei går i oppløysing av seg sjølv.