5 ting du ikkje visste om havet

Kor mykje vatn er det i havet? Og kvar finn vi klodens eldste vatn? Forskning.no har intervjua havekspert Svein Sundby:

1. Kor mykje vatn er det i havet?
Havet er stort. Det dekkjer 71 prosent av jorda si overflate, men kor mykje vatn inneheld havet? Heile 1,4 milliardar tonn!

2. Verdas tyngste vatn
 Saltvatn er tungt, mykje tyngre enn ferskvatn. Tyngda på vatn blir styrt av temperatur og kor mykje salt det inneheld. Jo høgare saltinnhald og jo kaldare, jo tyngre blir det. I Norskehavet finn vi verdas tyngste sjøvatn.

3. Kan spore djupt vatn
Djupt vatn frå Arktis og Nord-Atlanteren kan forskarar spore langt ned i Sør-Atlanteren. Dei ser på tettleiken, saltinnhaldet og temperaturen for å finne ut kva vatnet kjem frå, og alderen til akkurat dei vassmassane.

4. Klodens eldste vann
Alderen på vassmassane i djupet i Stillehavet kan vera over to tusen år.

5. Golfstrømmen vil aldri snu
For nokre år sidan var det snakk om at Golfstrømmen kunne snu grunna global oppvarming. Dette stemmer ikkje. Det er berre landskapet på havbotnen og korleis jorda snurrar rundt som bestemmer retningen på dei store havstraumane. Viss Golfstrømmen skal snu, må altså jorda byrje å snurre den andre vegen.