Flyg for å hjelpe fulgleflokkar

Kvart år, frå mars til oktober, set Christian Moullec seg i sitt vesle fly. Kvar dag flyg han i 30 minutt for å hjelpe kvite gjæser med å finne trygge flygeruter.

Christian hadde lagt merke til at gjæsene vart færre, og bestemte seg for å hjelpe. Han ville beskytte dei mot fuglejegerar, kjemikaliar, kraftleidningar, og vindmøller. Difor måtte han finne trygge ruter for gjæsene, skriv Dogo News.

Vart som ein far

Men det vart ikkje berre enkelt å få gjæsene til å følge etter på flyturen. Så Christian måtte bli som ein far for fuglane. Det var zoologen Konrad Lorenz som fann ut at gjsser vil følge etter den dei ser på som ein forelder, så Christian fulgte råd frå han.

– Fuglane er saman med meg i huset, og eg søv med dei frå dei vert fødd. Så kan vi etter kvart reise på lange reiser saman, seier han til Dogo News.