Då to vart til tre

Selma har skrive ein tekst om venskap. Selma leverte denne teksten i høve skrivekonkurransen tidlegare i vår.

Då eg gjekk inn i skulegården merka eg at alt ikkje var som normalt. No hadde eg vore sjuk i litt over ei veke og hadde gleda meg veldig til og treffe Kristine att. Det første eg brukte å sjå var eit kjent ansikt som stod og venta på meg, men det viste seg at alt ikkje var som det skulle denne dagen.

Eg gjekk inn i klasserommet og vart forskrekka over skikkelsen eg såg der. Eg brukte å ha ein venn, ein snill venn til og med, men no sat ho og lo i lag med ei jente eg aldri hadde sett før. Hjartet mitt heldt på å sprekke. Ho var sikkert ny eller noko. Eg sette meg på ein av dei bakarste pultane åleine, medan Kristine, bestevenen min, hadde skubba pulten sin bort til den nye jenta. Kristine snudde hovudet sitt bak og ropte ut namnet mitt. Då stirra eg ned i pulten utan å svare.

Eg høyrde skritt kome mot meg, og visste at det var Kristine. Eg let att augo og venta på at ho skulle gå tilbake til pulten sin igjen. Etter kvart lyfta eg hovudet og såg at ho ikkje var der lenger. Ho sat ikkje ved pulten sin heller. Då vart det heilt mørkt. Eg kjende noko framfor augene, og det vart lyst igjen. Framfor meg stod eit kjent ansikt. Eg vart så glad! Eg hadde ikkje ord! Kristine stod framfor meg igjen!

Eg vart nysgjerrig på korleis den nye jenta var. Eg spurde Kristine om korleis det var og vere med Stina, den nye jenta. “Det er kjekt, ho er morosam og snill. Kanskje vi kan vere venner alle tre?” svara Kristine. “Ein bestevenn til!” ropte eg. “Dette vert berre betre og betre!”.