Aksel Dreyer Ur (10) til venstre, og Jon Sandvik (11) nedst til høgre og Sondre Norberg (13) øvst til høgre. Foto: Svein Olav Langker og privat

Det var veldig mange gode tekstar som kom inn i skrivekonkurransen til Framtidajunior.no om sosiale medium, mobbing og miljø. Men nokre merka seg ut.

– Eg blei veldig glad då eg høyrte at eg hadde vunne. Eg hadde knust mobilen min same dagen, men når Mamma høyrte at eg hadde vunne, så blei ho ikkje sint lenger – berre veldig stolt, seier Aksel Dreyer Ur (10).

Han vedgår at han er stolt sjølv.

Aksel vann skrivekonkurransen saman med Jon Sandvik (10) og Sondre Norberg (13).

Aksel Dreyer Ur er ein svært aktiv 10-åring med to fotballtreningar i veka, piano, break dance og teater.

Skreiv om mobbing

Aksel Dreyer Ur hadde høyrt på Supernytt om kor vondt det kan vera å bli mobba, og bestemte seg difor å skriva om det i konkurransen.

– Kjenner du nokon som blir mobba?

– Ingen som eg veit om.

– Synest du det er kjekt å skriva?

– Ja, men det er ikkje så ofte eg skriv dikt. Eg skriv mest når eg gjer lekser.

Diktet til Aksel kan du lesa her!

Jon Sandvik har ikkje sjølv sosiale medium, men har lært om nettvett. Foto: Privat

Høgt nivå

I skrivekonkurransen kunne borna velja å skriva om sosiale medium, mobbing eller miljø. Juryen fortel om høgt nivå, men nokre skilde seg ekstra ut.

Vinnarane får 500 kroner kvar og abonnement på Framtida junior i to månader.

Jon Sandvik (11) går på 5. trinn ved Åmot skule i Vinje. Han svarar dette på spørsmålet om kvifor han skreiv teksten:

– Det var viktig å få fram at ein ikkje skal bruka for mykje tid på sosiale medium. Ein må løfta blikket ut og sjå verda. Me bør bruka meir tid på dei som treng oss. Og då tenkjer eg på flyktningane. Våre små problem kan ikkje samanliknast med deira.

Innlegget til Jon kan du lesa her!

Sondre Norberg speler både handball og fotball. Foto: Mette F. Reinertsen

Skreiv om klima

Sondre Norberg (13) frå Jostedal skule fekk i oppgåve på skulen å skriva om klima.

– Det vart som ein del av eit større prosjektarbeid om kva som skjer med klimaet. Det er eit tema eg tenkjer ein del på. Me må stoppa desse utsleppa så fort som mogeleg.

Innlegget til Sondre kan du lesa her!