– Flyktningar græt og svelt i hel, vi ser på videoar av ein morosam sel

Framtida junior hadde skrivekonkurranse og Jon Sandvik er ein av tre vinnarar. Les diktet han skreiv om sosiale medium. Intervju av Jon finn du nedst på sida.

Sosiale medium – det viktigaste ein har?

Av Jon Sandvik

YouTube er ein del av sosiale mediar,
med video av kattar og babyar.
På snaphat kan du snappe med så mange,
du kan sende videoar som ikkje er så lange.

Med hundar og byte ansikt,
viss du ser på det for mykje så kan du få leddgikt.
Instagram er det mange som liker,
med gale menn og søte piker.

Ein kan legge ut videoar til ein ven,
men tenk om han ikkje likar den.
Det verste er at han kan misbruke den.
Med meldingar kan ein sende masse dritt,
desse meldingane bør ein fort bli kvitt.

Legg ut ein video som handlar om ein dude,
som trur han er ein hellig gud!
Stygge videoar med masse banning,
dei som har laga den har gjort ei dum handling.

Videoar blir sendt over heile verda,
tenk at vi brukar tid på det, i staden for å redde folk på ferda.
Flyktningar græt og svelt i hel,
vi ser på videoar av ein morosam sel.

Vi må gjere meir for å redde vår verden,
tenk på folka på den lange ferden.
Tenk om flyktningane såg på instagram,
dei ville aldri ha kommi fram.

Tenk om telefonen blir det viktigaste vi har,
då blir det ikkje arbeid verken til jente eller kar.

  • Namn: Jon Sandvik
  • Alder: 11 år
  • Skule: 5. trinn, Åmot skule
  • Hobby: Teikning. Likar å teikne ansikt med ulike uttrykk, og gjerne fotballspelarar.

Kvifor valde du å skrive denne teksten? Det var viktig å få fram at ein ikkje skal bruke for mykje tid på sosiale medium. Ein må løfte blikket ut og sjå verda.

Kva ville du seie med diktet ditt? Vi bør bruke meir tid på dei som treng oss. Og då tenkjer eg på flyktningane. Våre små problem kan ikkje samanliknast med deira.

Kva sosiale medium har du? Ingen.

Kva er viktig å tenkje på når ein har sosiale medium? Det må vere at ein ikkje brukar det feil. Ein må passe på at ein ikkje legg ut ting om andre utan lov. I tillegg må ein kanskje vurdere tidsbruken. Sosiale medium sluker tida di.