Empatisk vil seie å kunne sette seg inn i andre sine kjensler, og vise at ein bryr seg om kvarandre.
Sympati og empati er ganske likt og dei heng saman.
Sympati betyr å vise medkjensle og empati betyr innleving.
Eit døme på sympati og empati
Om ein i klassen kjem på skulen og er søkkvåt kan mange føle sympati for han. Dei seier kanskje: Stakkars deg, så våt du er. – Dei viser sympati.
Men om ein klassekamerat gir frå seg ekstratøyet til eleven som er våt, slik at han får på seg tørre kle, viser klassekammeraten empati. Eleven viser empati fordi han lever seg inn i korleis det er å vere våt, og veit at å få tørre kle kan ordne opp.
Barn kan lære seg opp til å bli empatiske. Dersom barn til døme ikkje er hyggelege mot kvarandre, er det viktig å få barna til å prøve å tenkje seg kva den andre føler.
Gode råd frå tre elevar
Tanishika: – Bry deg! Neste gong er det kanskje du sjølv som treng støtte. Vis at du lytter og forstår.
Victoria: – Å vise empati er veldig viktig, og veldig riktig. Ein blir betre likt om ein klarer å vise empati. Eg trur at vener foretrekker empatiske personar.
Diana: – Det er viktig å bry seg om andre. Ein skal gjere mot andre som ein vil at andre skal gjere mot deg. Eg trur at personar vil kjenne seg glade om ein viser støtte og forsøker å hjelpe.