Fleire barn teiknar kvinnelege forskarar

Kvite laboratoriejakker, beskyttelsesbriller og boblande beger. Det er gjerne det me ser føre oss når me tenkjer på ein forskar. Men kven har på seg den kvite frakken? Kvinner eller menn?

I følgje ny forsking er det no mange fleire kvinnelege forskarar som dukker opp på barneteikningar. På 1960-talet var det knapt ei einaste dame å sjå, men i 2016 dukka det opp ein tredjedel kvinner, skriv Science News.

– Mykje har endra seg sidan 1960-talet, seier David Miller. Han har jobba med undersøkinga.

5000 teikningar

I åra mellom 1966 og 1977 var det 5000 barn som teikna ein forskar. Av desse 5000 teikningane, var det berre 28 barn som teikna ei kvinne.

Men, dette endra seg i åra mellom 1985 og 2016 – då var det heile 28 prosent som teikna kvinnelege forskarar.

Tenåringar

Jenter teiknar kvinner 70 prosent av tida når dei er 6 år. Dette endra seg innan jentene fyller 16 år. Då teiknar nemleg 75 prosent av jentene menn når dei tenkjer på ein forskar.

– Det er viktig at lærarar og foreldre viser barn og unge ulike døme på både mannlege og kvinnelege forskarar, seier Miller.