Veit du kvifor me har så mykje egg til påske?

Påsken er jo ein stor eggfest, men kvifor er det blitt slik?

I gamle dagar hadde dei ikkje slikt kunstig lys som finst no. Det kunstige lyset hjelper høna å verpe, så no har me jo egg heile året. Men, før i tida var det fyrst når våken kom, at hønene byrja å leggje fleire egg. Det er fordi dagane er lenger på våren. Difor fekk folk plutseleg stor tilgang på egg rundt påsketider. Og påsken vart til ein eggfest! Egget er også eit gamalt symbol på fruktbarheit.

(Wikipedia.no)