Ingen veit kor haren hoppar

Kvifor dukkar det opp ein hare som legg egg i påska?

PÅSKEFAKTA:
  • I mellom anna Tyskland, Storbritannia og USA er det tradisjon for at barna på påskedagen leitar etter eitt eller fleire påskeegg som påskeharen gøymer i hus eller hage.
  • Tidlegare var det hønseegg dekorert med maling, men no er det ofte sjokoladeegg eller pappegg fylt med snop.
  • Begrepet Osterhase (tysk for påskehare) vert nemnt skriftleg fyrste gong omkring 1680.
  • Den amerikanske Easter Bunny var det tyske immigrantar som tok med seg til USA på 1800-talet.
  • Å jakte på påskeegg har frå 1990-talet også blitt vanleg i enkelte norske familiar.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

I den greske mytologien finn vi eitt av fleire svar på dette spørsmålet.

I denne historia var det slik at jegeren Orion var på jakt i skogen. Der traff han ein fugl som hadde bygd eit reir på bakken. Fuglen bad om at Orion ikkje skulle trakke på egga, men Orion gjorde det likevel. Han øydela alle egga.

Fuglen græt, men fekk plutseleg høyre ein song. Det var vårgudinna Ostera som song. Ho spurde fuglen om kvifor den var lei seg, og om kvifor den ikkje berre kunne byggje eit nytt reir.

– Det tør eg ikkje så lenge Orion er i nærleiken, Eg skulle ønskje eg var eit anna dyr. Eit som kan springe like fort som eg kan fly, sa fuglen.

– Eg kan skape deg om til ein hare, svara Ostera.

Og slik vart fuglen til ein hare.

Haren hadde det fint i skogen, men året etter då Ostera kom på besøk, høyrde ho haren som græt.

– Angrar du på at du blei ein hare, spør Ostera?

– Nei, eg likar å hoppe rundt, men eg saknar å leggje egg, svara fuglen.

– Kan du ikkje berre byggje deg eit reir og leggje egg i det?, spurde Ostera.

Og slik har det seg (kanskje) at påskeharen legg fargerike egg ein gong i året.