Har du tenkt på kva som kan skje om du ikkje bruker belte i buss?

SJÅ VIDEO: Nokon er redde for å få bot for å ikkje bruke belte i buss. Men, har du tenkt på kva som kan skje om du flyg gjennom bussen og landar på nokon som er mindre enn deg?

Statens vegvesen startar denne veka ein kampanje for å fortelle oss meir om kva som kan skje om ein ikkje har belte på i bussen.

– Få veit kor farleg det er at dei andre på bussen ikkje nyttar belte. Det vi ofte ser i ulykker, er at passasjerane vert kasta rundt i eller ut av bussen. På den måten kan passasjerane gjere stor skade på både seg sjølv og kvarandre, seier Jon Molnes i Statens vegvesen.

Brukar du belte i buss?