Stortingspresidenten trekkjer seg

Olemic Thommessen trekkjer seg som stortingspresident. Grunnen er fordi oppussinga av Stortinget har vorte mykje dyrare enn planlagt.

Olemic har vore stortingspresident sidan 2013, men no er det slutt.

Olemic fortalte at han skulle ga av frå talarstolen i Stortinget i dag, 8. mars. No trekkjer Olemic seg frå stillinga etter at det kom fram at oppussinga av Stortinget har blitt mykje dyrare enn planlagt. I følgje VG.no sa han dette frå talarstolen:

– …Byggesaka har vore og er ei vanskeleg sak for Stortinget, og eg håper at eg no går av kan bidra til at vi får ro om saka. Og at vi no kan få bragt saka vidare på ein best mogeleg måte, seier Olemic.

Dette er oppgåvene stortingspresidenten har hatt:

  • Å sjå til at reglar ikkje vert brotne.
  • Planlegge og styre arbeidet i Stortinget.
  • Representere Stortinget i offisielle samanhengar.