MATOPPSKRIFT: Sconespinnar

Lyst på noko anna enn brødskive i matpakken ein dag? Då passar desse perfekt!

Av denne oppskrifta får du 20 pinnar.

Ingrediensar:

100 g margarin

7 dl kveitemjøl

4 dl grov sammalen kveite

2 dl havregryn

¼ ts salt

5 ts bakepulver

4 dl mjølk

 

Slik gjer du:

1. Set steikeomnen på 225 °C.

2. Legg bakepapir på eit steikebrett.

3. Smuldre margarinen i mjølet med hendene.

4. Ha i dei andre ingrediensane og bland godt saman med ein rørespade.

5. Trill deigen til ei tjukk pølse og del han i 20 emne. Trill kvart emne ut til ein tynn pinne, like tjukk som tommelen din. Det gjer ikkje noko om pinnane får litt ulik lengd. Legg pinnane over på steikebrettet.

6. Bruk ein gaffel og prikk pinnane.

7. Steik pinnane i 10–15 minutt, til dei er lysebrune. Bruk gryteklutar og ta steikebrettet ut av steikeomnen.

8. Avkjøl sconespinnane på rist.

 

(KJELDE: MATPRAT/MATOPEDIA)