Vassmagnel i Cape Town

Cape Town i Sør-Afrika har vasskrise. Men det er ikkje berre her det er farleg lite vatn, seier FN.

NRK.no skriv at FN fryktar ei stor vasskrise innan 2030.

Ifølgje BBC, er det vassmangel i kvar fjerde storby i verda.

Over ein milliard menneske manglar tilgang på vatn.

Grunnane til vasskrisa er:

  • Overutvikling
  • Auke i folketalet
  • Klimaendringar

NRK.no viser til fem storbyar som kan oppleve å få same vasskrise som Cape Town har:

  •  São Paulo i Brasil
  • Bangalore i India
  • Beijing i Kina
  • Kairo i Egypt
  • Mexico by i Mexico