OL-maskotar

Kvart OL har sine maskotar. Sist gong det var OL i Noreg hadde vi maskotane Kristin og Håkon.

Ein maskot er ofte ein ting, dokke eller dyr som skal representere ei gruppe som delar same identitet. Under OL har ein offisielle maskotar som symboliserer positive eigenskapar for utøvarane.

Vikingungane Kristin og Håkon var dei offisielle OL-maskotane under vinterleikane på Lillehammer i 1994. Dei blei teikna av Kari og Werner Grossmann. Eit utval av gutar og jenter blei plukka ut etter ei stor konkurranse for å representere figurane. Maskotane opptredde i seremoniane under opninga, medaljeutdelingane og liknande.

Vikingbarna, Kristin og Håkon, var spesielle fordi det var fyrste gong at maskotane var meir enn berre tøydokker.

OL-MASKOT: Soohorang og Bandabi (Foto:Pyeongchang 2018 OrganizingCommittee/ Wikipedia)

Årets maskotar

Den kvite tigeren, Soohorang, er maskoten for OL i Sør-Korea. Tigrar brukast ofte som symbol for Sør-korea, og ein kvit tiger blir sett på som heilag.

Bjørnen Bandabi er maskot for Paralympics som startar med ein gong OL er ferdig.

Maskoten for neste vinter-OL i Beijing 2022, blir ikkje offentleg før i 2020.

Visste du at framtida junior har maskot? Maskoten kler seg ut etter dagsforma. Her er han rockestjerne.

Dei siste maskotane frå vinter-OL

Maskotane under OL i Sochi 2014
maskotane under OL i Vancouver 2010.
maskotane under OL i Torino 2006.
Maskotar under OL i Salt Lake City 2002.