OL:17 dagar med vinterleik

I dag, 9. februar, startar OL! Det er dei 23. vinterleikane i rekka. I år skjer det i byen Pyeongchang i Sør-Korea.

NOREGS OL-HÅP: Maren Lundby er eit av Noregs gull-håp. (Foto: Ailura/ Wikipedia/ CC BY-SA 3.0 )

Noreg si tropp er på 109 utøvarar, som fordelar seg på desse greinene:

  • Alpint
  • Curling
  • Freestyle
  • Hopp
  • Kombinert
  • Ishockey
  • Langrenn
  • Skeleton
  • Skiskyting
  • Skøyter
  • Snowboard
OL-MASKOT: Soohorang og Bandabi (Foto:Pyeongchang 2018 OrganizingCommittee/ Wikipedia)

Årets maskot

Den kvite tigeren Soohorang er OL-maskot under dei olympiske vinterleikane i Sør-Korea. Ein maskot er eit slags symbol for noko. I Sør-Korea er den kvite tigeren eit symbol på styrke, tillit og vern. Bjørnen Bandabi er maskot for Paralympics som startar med ein gong OL er ferdig.