Fann dinosaurskjelett like stort som ein buss

Forskarar i Egypt har funne skjelettet til det som truleg er ein ny planteetande dinosaurart.

Dinosaurarten dei har funne er av typen langhals. Skjelettet viser at dinosauren skal ha vore like stor som ein buss, melder NPK.

Skjelettet vart funne i ørkenen, og forskarane håper det berre er det første av mange nye oppdagingar.

Dinosauren, som har fått namnet «Mansourasaurus Shahinae» etter universitetet, minner svært om andre langhalsar som tidlegare har vorte funne i Europa.