12 måtar mobiltelefonen har endra livet vårt på

85 prosent av norske barn får mobiltelefon når dei er mellom sju og ti år. I gjennomsnitt får barn sin fyrste mobil når dei er åtte år. Kva gjer eigentleg mobilen med vi lev livet vårt på?

Kan du sjå for deg ein kvardag utan mobiltelefon?

Vi bruker mobilen til kontakt med vener og familie, til jobb, til fritidssyssel, navigering, foto og til skulearbeid. Unge mellom 9 og 24 år bruker om lag 2,5 timar på internett kvar dag – det er ei auke på 100 minutt sidan 2006, skriv Framtida.no.

Her er ei liste over 15 måtar livet og samfunnet er totalt forandra på grunn av den vesle gjenstanden:

1. Du har alltid tilgang på nyheiter: Er det ein ting mobiltelefonen har forandra i samfunnet, er det media. Høyrer du eit smell utanfor, er det fort gjort å sjekke kva lyden var. Laupande nyhende går i eit kjappare tempo der alt er oppdatert frå minutt til minutt.

2. Du kan bli spelavhengig: Mens jenter er meir i faresonen over å bli avhengige av sosiale medium, har gutar større risiko for å bli avhengige av mobilspel. Det tappar deg ikkje berre for pengar, men også for tid!

3. Du har alltid ein butikk i nærleiken: Netthandelen eksploderer, og mange fysiske butikkar slit med å overleve.

4.  Du veit alltid kor du er: GPS-en viser deg kvar du er.

5. Det er mykje lettare å spionere på andre, å gjere slektsforsking og sjølvsagt å halde på kontakt med folk: Mange kritiserer sosiale medium for å bidra til å spionere på andre, og det er kanskje også derfor det er blitt så populært. Men høvet for å samanlikne seg sjølv med andre blir også større, og kanskje ikkje sunt i alle tilfelle.

6. Vi kan bli lettare distraherte: Du har vel kanskje sett publikum ved eit stort arrangement, der nesten alle ser på det som skjer gjennom mobiltelefonen? Det er lettare å gå glipp av verda rundt oss og det som står rett framfor oss når vi heile tida har hovudet i mobilskjermen. Det er også lett å bli distrahert når ein jobbar med noko, og til stadig blir forstyrra av pling-lydar eller notifications.

7. Vi søv dårlegare: Mange studium dokumenterer at tenåringar søv dårlegare på grunn av mobiltelefon og PC. Mobilbruk ved leggetid er den andre mest vanlege årsaka til vanskar med å søve. Jenter bruker meir tid på mobil ved leggetid enn gutar. Moglege forklaringar på at søvnen blir redusert med mobilbruk, er at lyset gjer dei vakne, men også at skjermbruk drar ut i tid.

8. Vi endrar byane: Når du går på gata, ser du mange med hovudet i mobilen, og det har vore rapportert om ulykker der gåande har blitt påkøyrd eller ramla i hol i bakken. I tillegg er det mange sjåførar som nyttar mobiltelefonen mens dei køyrer, sjølv om det ikkje er lovleg. Gåande mobilbrukarar er også potensielt farlege. I ein by i Kina har dei funne si eiga løysing på problemet: Eit fortau til gåande med mobiltelefon. Mobile phone lane viser korleis vi er villige til å forandre byane våre for å tilrettelegge oss rundt det mobile samfunnet.

9. Du kan sjekke helsa di: No kan du ta direkte kontakt med ein lege gjennom ulike appar og sider på nettet.

10. Marknadskreftene veit meir om deg: Både Facebook og Google samlar informasjon om deg, basert på aktivitetar og trafikk på nett. Denne informasjonen kan dei selje til tredjepartar slik at du får reklame og marknadsføring som dei tenkjer passar for deg.

11. Du kan lære meir om andre land, reise, og lære deg nye språk: Kva er meir informativt enn å finne ut kva som er hovudstaden i Kambodsja på 0,58 sekund? Mobilen tilbyr dessutan fleire språkkurs, kart og vegforklaring. Har vi nokon gong visst meir om verda enn vi gjer i dag?

12. Vi kan bli mobil-avhengige: I tillegg til søvnproblem kan mange av oss bli heilt avhengige av å stadig følge med på mobilen. To tredjedelar av oss rapporterer til og med om fantomtelefonar! Det vil seie at vi trur telefonen ringjer, sjølv om han ikkje gjer det.

Konklusjonen er: Mobilen kan bidra til mykje nyttig. Men det er viktig å kople av og ikkje la han overta livet ditt.